tirsdag 26. juni 2018

Kaffi, Belgiske Trøflar, ferie og ei bok....

Kan ein ha det betre? 


Eg har ferie, men eg har ikkje heilt forstått korleis eg skal forholde med til den enno. Eg sveivar mellom å luke ugras, vaske kle, drikke kaffi, slå plen og no, skrive.  Elles har eg ein haug med bøker som skal lesast. Nokre av dei har eg valt sjølv, andre har eg berre gløymt å avbestille. Det er kjekt å vere medlem i ein bokklubb. Det er berre det at eg får aberet med å avbestille eller returnere bøker eg ikkje har tenkt å lese. Som den Trump-boka, til dømes. Det kan hende eg skal manne meg opp ein dag, og rett og slett lese den. "Kan man dø to ganger?" (Leif G.W. Persson) ligg og ventar. Krim. Eg er ikkje særleg glad i krim, men dette er altså ei av dei før nemde bøker, som i juni månad sin aller travlaste innspurt, klarte å smette seg unna mitt elles så nokenlunde årvakne avbestillingsblikk. No ligg ho der, boka, og ropar på å bli lest. "Sjøspeideren Edvin settes i land på en holme i Malaren for å plukke sopp. I stedet finner han en halvt begravd hodeskalle." (Persson, 2016). Den er grei. Eg skal lese den. Så då blir det kaffi, Belgiske trøflar og ein roman om ein forbrytelse....

søndag 9. september 2012

NAUSTET

I dag var vi i fjæra og såg på naustet som nettopp er kjøpt. Det er gammalt og skal delvis byggast oppatt, men det har sin sjarm slik det står no og....